
Framsida
Klikk på biletet for å sjå korleis framsida av boka ser ut.
Ei ferd på kryss og tvers gjennom Vikebygd - Boka er ei skildring av, mest i bilete, men også i ord, ei ferd gjennom Vikebygd. Reisa startar lengst nord i Ålfjorden, ved Jøtulsbrua. Ho endar lengst sør i bygda, ved Svartaløa som ligg ved fylkesvegen på grensa til Skjold. Det er på desse to ferdselsårene, fjorden og fylkesvegen boka "flyttar" seg sørover, undervegs tek ein avstikkarar i alle retningar, høgt og lågt. Det vert tatt bilete av det ein kan sjå og oppleva på reisa.
Boka inneheld i overkant av 450 bilete, mest naturbilete, men òg av andre ting som forfattaren har lyst til å lyfta fram. For å knyta bileta i hop er det tekstar som skildrar: litt gammal og nyare lokalhistorie, ei og annan segn, fakta- og naturskildringar.
For forfattaren har denne reisa tatt om lag 10 år.
Klikk på biletet for å sjå korleis framsida av boka ser ut.
I boka vil du få sjå bilete frå fjella i Vikebygd frå alle årstider.
I boka er det kart som viser til sidetal. Då kan ein sjå kor mange av bileta er frå, og ein kan ta turen på eiga hand.
Kartgrunnlag: Statens Kartverk, © Kartverket
I boka får du sjå Vikevik frå mange ulike vinklar, og tider på døgnet.
Her har ein passert Årvik og kursen er sett mot sør igjen.
Klikk på biletet og du får lesa side 7 i boka, der ferda byrjar.
Boka kjem i eit begrensa opplag på 493 eksemplar. Det er no få bøker igjen.
Pris | 400,- |
Levering | Etter avtale |
Tal på sider | 216 |
Storleik | 23x27 cm |
Format | Innbunden |
Språk | Nynorsk |
ISBN | 9788230338216 |
Utgjeven | 2018 |
Ynskjer du eitt eller fleire eksemplar av boka, då kan du leggje inn litt kontaktinformasjon her. Då tar forlagssjefen kontakt for betaling og levering. Ta gjerne kontakt med Roald Årvik på e-post roald@raatassen.no om du har nokre spørsmål eller kommentarar.